Vi søkjer ein kontormedarbeider til avdelinga vår i Førde

Avdelinga har 6 dyktige kollegaer som jobbar i eit fellesskap som deler kunnskap med kvarandre og bransjen. Vi har eit ryddig og godt forhold til kvarandre, pasientane våre, og samarbeidspartnarane våre.

Vi ser etter kollegaer som vernar om kvaliteten i tenestene våre. Vi skal skape resultat for våre pasientar og stoltheit hjå våre kollegaer. Hos oss seier vi at - Mennesker er sine historier, vi er med når dei skrivast.

Oppgåver

  • Service til våre kundar på telefon, skranke og e-post
  • Handtering av lager og bestilling av varer og rekvisita
  • Oppfølging av våre eksterne klinikkar og sjukehus
  • Bidra på skosalg og i prøverom
  • Kasseavrekning og dagleg kontorarbeid, som oppfølging av ordre, søknader og innkallingar.
  • Varetelling og post, og levering av hastebestillingar

Vi ynskjer ein kollega som

  • Har gode samarbeidsevner og er tillitsvekkande
  • Er engasjert i sine kollegaer og likar å jobbe i tverrfaglege team.
  • Er sjølvstendig og har stor gjennomføringsevne.
  • Kommuniserer open og ynskjer nye idear velkomne.

Vi er ein arbeidsgjevar som

  • Gir medarbeidarar fridom til å løysa arbeidsoppgåvene på sin måte.
  • Rommar og respekterer forankra verdiar og moderne trender.
  • Ser på ulikskap som ei styrke.
  • Tar ansvar for rekruttering av nytt fagpersonell med turnus, lærlingeplassar og studentar.
  • Er ein aktiv pådrivar for utvikling av faget.


Om Ortopediteknikk

Ortopediteknikk er ein av Noregs største ortopeditekniske verksemder. Nesten 160 dyktige tilsette, leverer hjelpemiddel til over 30.000 brukarar årleg. Vi er norske, privateigde, og har klinikkar i store delar av landet. Med høg individuell kompetanse, i bevisst samansette team, utviklar vi vår verksemd i takt med dei teknologiske endringane bransjen krev.

Søknad sendast på e-post til Dagleg Leiar Åsa Roth, asa.roth@ortopediteknikk.no.

Les om å arbeidsplassen og kollegene i Ortopediteknikk Førde.
Bli kjend med Ninnis, ei av kollegaene her Ninnis Torkildsen - ny kapasitet og kompetanse i Førde