Vi har ingen leverandørbindingar og vel våre løysingar basert på faglege vurderingar. Vi vel å ha størst mogleg produksjon og verdiskaping i eige hus. Vårt omdøme er viktig, vi går gjerne føre, og aldri på akkord med etikk eller regelverk. Vi tenkjer at gode prosessar fører til gode resultat.

Vi søkjer no ein ortopediingeniør til avdelinga vår i Førde. Avdelinga har 8 dyktige kollegaer som jobbar i eit fellesskap som deler kunnskap med kvarandre og bransjen. Vi har eit ryddig og godt forhold til kvarandre, pasientane våre, og samarbeidspartnarane våre. 

Vi søker ortopediingeniør med mogelegheit for skiftordning. Det vil gi deg anledning å jobbe intensivt over ein periode, med tilhøyrande lengre friperiode. Stillinga passar for deg som er interessert i ny jobb, men som ikkje nødvendigvis ynskjer å flytte heimanfrå. Fleksibilitet er noko vi som arbeidsgivar sett høgt, og vi vil i samarbeid med deg lage ein arbeidsturnus som passar deg og ditt liv. Bli ein del av vårt team i Førde då vel! 

Vi ser etter kollegaer som vernar om kvaliteten i tenestene våre. Du er autorisert ortopediingeniør og ynskjer å ta del i utvikling og nyskaping innad i avdelinga! Vi skal skape resultat for våre pasientar og stoltheit hos våre kollegaer.

Hos oss seier vi at - Menneske er sine historier, vi er med når dei skrivast. 

Her finn du annonsa: 

Ortopediingeniør i Nordsjøturnus i Førde - finn.no

Søk eller ta kontakt med Avdelingsleder Linn Marie Leknes

Søk direkte, eller finn ut mer om stillingene ved å ta kontakt med Linn Marie på
e-post     linn.marie.leknes@ortopediteknikk.no
Telefon  +4790 82 67 33

 

Bli kjend med avdelinga i desse to artiklane:

Ortopediteknikk i Førde - ein klinikk for alt
Ninnis Torkildsen - ny kapasitet og kompetanse i Førde