Skrive av Erik Senstad, Ortopediteknikk AS

Allereie tidleg på 1980-talet hadde Ortopediteknikk klinisk tilbod i Førde. Kommunen var i vekst, og i 1999 fekk Ortopediteknikk sine eigne lokaler i Steinavegen. Dei siste åra har klinikken lege i Naustdalvegen.

Mellom høge fjell ved utløpet av Jølstra

Førde er ein by med stødig næringsliv, eit velutvikla kulturtilbod, skular, helseinstitusjonar og eige flypass. 

Som samlingspunkt for byen sin kompetanse på ortopediske hjelpemiddel, representerer dei tilsette i Ortopediteknikk tryggleik og nærleik for brukarane sine.

Bilete av resepsjonsområdet og venterommet

Avdelinga i Førde er stor med tanke på at den ligg eit stykke frå næraste storby. Ho er i dag bemanna med sju personar. Med lang erfaring handterer ortopediingeniørane Linn Marie Leknes, Marianne Abrahamsen og Ninnis Thorkildsen dei fleste behov.

Kontorleiar Nina har oversikt over dagane på avdelinga, og er gjerne den første ein er i kontakt med. Dina og Henrik jobbar i produksjon.

Bilde fra verkstedet hvor en ortose bearbeides

I tillegg har samarbeidspartnaren J.A Magnussen Spesialsko eiga avdeling, bemanna av skoeksperten Linda. Dei har også lokalt lager, noko som gjer det enkelt å få prøve fleire sko for å finne riktig modell og størrelse.

Kvifor reise til Bergen for å gjere det du kan få gjort her i Førde?

Ortopediingeniør Ninnis bearbeider en form inne på verkstedet i Førde

Klinikken i Førde er bemanna med ortopediingeniørar kvar dag. Ingeniøren Ninnis, som tidelegare har jobba ved ein verkstad i Bergen, fortel at ho har høyrt at mange reiser heilt til både Bergen og Ålesund for behandling og oppfølging som dei kunne fått i Førde. Dei er nok ikkje klar over alt vi kan gjere lokalt.

Mange blir nok overraska over at dei kan spare seg lang reiseveg, og betydelege kostnadar ved å ta turen til klinikken vår i Førde i staden

Vi kan behandle det meste hos oss. Ofte kan vi også bistå på relativt kort varsel. Det synes mange er ein stor fordel. Det er alltid lurt å ringe oss på førhand, så ein ikkje tar seg ein bomtur, fortel Ninnis.

Bilete av det eine behandlingsrommet i Førde

Kompetanse og samarbeid med lokale institusjonar

Til saman har våre ortopediingeniørar i Førde meir enn 30 års erfaring. Alle kan jobbe med alt, men kvar og ein har ei spesiell interesse for einskilde fagfelt. Avdelingsleiar Linn Marie fortel at komplikasjonar på grunn av diabetes, og behandling av dette, er noko ho lenge har interessert seg for, og samarbeidar med lokale helseinstitusjonar om.

Vi ser mange pasientar hos oss som har opplevd og lev med slag, MS og andre nevrologiske sjukdommar. Her har vi erfaring og kompetanse.

Marianne er spesielt interessert i barneortoser, fortel ho. Proteser er ikkje akkurat ukjent for Ninnis, som har lang erfaring frå ein ortopedisk verksemd i Bergen. Ho har også jobba mykje med vaksne skinnepasientar (ortosar).

Våre fagpersonar er jamnleg å treffe på Sentralsjukehuset i Førde, og i Lærdal.

Spesialskoavdeling med lokalt lager

Bilde av skoutstilling i Førde

Samarbeidspartneren J.A.Magnussen har eige avdeling for sine ortopediske spesialsko i same lokale som Ortopediteknikk. Med stort utval og eige lager har dei det meste tilgjengeleg. Det dei ikkje har kan dei skaffe på kort varsel. Komplette avdelingar for spesialsko finst ikkje over alt, fortel Linn Marie. Les meir om spesialsko her.

Fotsengfres og fotterapeut i same etasje

Alle ortopediingeniørane har kompetanse og erfaring med fotsenger, herunder digital skanning og modellering. Nyleg har det blitt installert ein digital fotsengfres, noko som gjer det mogeleg å produsere fotsenger lokaltLes meir om fotsengar her.

I mange år no, har fotterapeut Laila Fluge Bortheim, vore i same lokale som oss. Det er ei stor fordel å ha Laila her ilag med oss. Vi hjelper kvarandre når det trengs, og det er fint med kort veg mellom oss - for mange av pasientane våre, fortel Linn Marie.

Førde Fotklinikk dørskilt

Time hjå fotterapeuten bookar du på telefon 90 58 50 31.

Sunnfjord er heim for dei fleste av oss

Alle dei tilsette med unntak av ei, bur i Sunnfjord. Det er viktig med lokal forankring, og det er fint å kunne sørgje for lokale arbeidsplassar, fortel avdelingsleiar Linn Marie, som for tida er i barselpermisjon.

Vi har vore her i mange år, og sjølv om vi har travle dagar, så gleder vil oss til å gå på jobb.

Det er godt å vere så mange tilsette som vi er i klinikken. Vi er flinke til å ta vare på kvarandre, og brukarane våre sjølvsagt!

Teamkjensle og samhald betyr mykje for oss. Vi trur dette er noko ein kjenner på stemninga når ein kjem inn dørene hos oss på Elvetorget kjøpesenter.

Bilde fra ein plass i Sunnfjord

Kontakt oss

Anten du er helsepersonell eller privatperson kan du få tak i oss for time, spørsmål, eller henvisningar.

tel:  57722484
e-post forde@ortopediteknikk.no

Du kan og nytte konktaktskjema under.

Felter merket med stjerne (*) må fylles ut.